Hopp til innhald

Stoksund kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stoksund kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Åfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Fosen
Sokn Åfjord og Stoksund
Fellesråd Åfjord
Arkitekt Ekr. Collet, Ole Falck Ebbell
og John Overdahl
Teknikk Laft
Material Tre
Innvigd 1825
 •  Endringar Restaurert 1885 og 1955
Sitjeplassar 200
Kart
Stoksund kyrkje
64°02′14″N 10°02′49″E / 64.0373°N 10.047°E / 64.0373; 10.047
Wikimedia Commons: Stoksund kirke

Stoksund kyrkje står på Revsneshalsen i Åfjord kommune i Trøndelag.

Den første kyrkja i Stoksund lå på Kjerkholmen, der det er funne restar av ein gravplass frå mellomalderen. Den noverande kyrkja vart bygd i 1825 som lafta åttekantkyrkje. I 1885 vart kyrkja utvida med nye delar i bindingsverk til krosskyrkje. I 1955 vart så dei nye delane tekne ned og ført opp att i lafteverk. Ein kan framleis sjå på kyrkja at ho har vore åttekantkyrkje.

Kyrkja fekk eit digitalt Allen-orgel i 2005. Dette orgelet har 29 stemmer samt fleire spesialregister (klokkespel og solostemmer).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]